-
Friluftsvenn
Manglar du ski- og akeutstyr til vinterferien?
Manglar du ski- og akeutstyr til vinterferien? På Luster utstyrssentral på Pyramiden senter får du låne gratis utstyr.Luster utstyrssentral er eigd og drifta av Luster frivilligsentral.
Luster utstyrssentral er i veke 8 open måndag kl. 08.00 - 15.30.
Utstyrssentralen er ikkje bemanna så du må i forkant ta kontakt med Luster frivilligsentral på tlf. 456 65 954 eller
post@luster frivilligsentral.no dersom du ynskjer å låne utstyr.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.