-
Friluftsvenn
Sommarferien er over og me er på plass att!
Ferien er over og Luster frivilligsentral, Luster utstyrssentral og bruktbutikken er opna igjen. Me ser fram til ein aktiv haust med mange aktivitetar for både små og store i samarbeid med gode samarbeidspartnarar og ikkje minst våre frivillige.Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.