-
Friluftsvenn
Familiedag laurdag 16.september kl. 11.30 - 17.00
Luster Røde Kors og Luster frivilligsentral inviterer til familiedag på Bjørkehaugen gard i Fortun (adr. Fortunsdalen 534). Familiedagen er støtta økonomisk av Sogn og Fjordane Røde Kors. Arrangementet er gratis!For dei som ikkje har tilgang på bil/transport så stiller me med buss tur/retur Hafslo-Fortun.
Me må ha påmelding til buss - frist 13.sept.
Sjå meir informasjon på plakat/invitasjon (vedlegg) under.
Invitasjon: Plakat FAMILIEDAG 2023
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.