-
Friluftsvenn
"Den vesle bygda som gløymde at det var jul"
Arbeidsgruppa i Juleglede inviterer til teater laurdag 9.desember kl. 17.00 på Luster ungdomsskule. Etter teaterstykket vil det bli sosialt samvèr og servering av kaker, saft og kaffi.I år har me endeleg klart å få besøk av ei teatergruppe som vil vise oss stykket "Den vesle bygda som gløymde at det var jul".
Lina Taule Fjørtoft har tilrettelagt Alf Prøysen si juleforteljing som forteljarstund for barn. Det er teaterrotta Pernille som fortel. Med seg har ho fetteren sin Jeppe, som spelar musikk.
Juleforteljinga passar for barn frå 4 år.
Sjå plakat: Den vesle bygda.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.