-
Friluftsvenn
Vil du låne ake- og skiutstyr til påskeferien?
Det nærmar seg påskeferie. Dersom du ynskjer å låne ake- eller skiutstyr må du gjere dette i veke 13. Måndag 30.mars er siste frist!Luster utstyrssentral er open slik i veke 13:
Måndag 23.mars stengt og torsdag 26.mars kl. 12.00 - 16.30. Må avtale utlån på førehand via tlf. 45665954.
Siste dag før påske måndag 30.mars kl. 08.00 - 15.30. Me er fysisk tilgjengelige på utstyrssentralen frå kl. 12.00 - 15.30 denne dagen.
Luster utstyrssentral er stengt i påsken og opnar att torsdag 9.april.26.
Utlån av syklar vil vere aktuelt frå 16.april.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.