-
Friluftsvenn
Oppdatering frå juleglede i Luster
Arbeidsgruppa i Juleglede takkar så mykje til alle som har støtta oss i arbeidet!Alle gåvene er handla inn og kontoret til Luster frivlligsentral er fullt.
Me har fått fantastisk god hjelp frå elevar på valfaget Innsats for andre ved Luster ungdomsskule.
Elevane har pakka inn mange av gåvene på fredag 8.desember.
Tusen takk til dere🌟❤️
Tusen takk til dere privatpersonar som har handla gåve til ei lita jente eller ein liten gutt. Dette blir satt stor pris på❤️
Gåvene blir formidla ut av Juleglede i løpet av veka❤️
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.