-
Friluftsvenn
FTU Luster - Tilrettelagt friluftsliv laurdag 8.februar på Sogn skisenter
Laurdag 8.februar kl. 11.00 - 14.30 møtest me i grillhytta på Sogn skisenter. Her blir det skileik og aking. Me får besøk av "Fjordhusky" denne dagen som kjem med eit hundespann. Her kan du få moglegheit til å sitje på dersom du ynskjer!Me spanderer grillmat denne dagen, men drikke må du ta med sjølv.
Det er mogleg å låne ski på Luster utstyrssentral. Dette må avtalast og hentast i god tid på førehand.
Ellers har me med kjelkar og akematter som du kan låne.
Påmelding innan måndag 3.februar kl. 14.00 til Anita, anita.kjorlaug@sogn.no eller SMS pr. tlf. 90055328.
Arrangementet er gratis og støtta økonomisk av Vestland Fylkeskommune.
Invitasjon: FTU februar 08.02.25
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.