-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.
Aktivitetar i vinterferien
Luster frivilligsentral og Luster kommune arrangerer gratis aktivitetar i vinterferien i samarbeid med Luster turlag, Fjordstova og Sogn skisenter. Takk til Vestland Fylkeskommune for økonomisk støtte. Påmelding opnar 1.februar kl. 17.00.
Del på:
-
FriMoro og sommarferieaktivitetar
Her er oversikt over dato for FriMoro i Parken og andre sommarferieaktivitetar.
-
Tildeling av aktivitetsmidlar - aldersvennleg frivilligheit og lågterskel møteplassar
Også i år har me fått ei tildeling på kr. 8.400,- som skal støtte frivilligsentralane sitt arbeid i å utvikle aldersvennlige aktivitetar og møteplassar for eldre (65+). Tilskotet er finansiert over statsbudsjettet og blir administrert av Norges Frivilligsentralar.
-
Tildeling frå Gjensidigestiftelsen
Ei stor takk til Gjensidigestiftelsen for tildeling av kr. 200.000 som skal nyttast til sommaraktivitetar/sommarjobb for barn og unge i Luster kommune. Dette er heilt fantastisk og i samarbeid med ungdomsteamet i Luster kommune er me no i gang med å planlegge mange kjekke aktivitetar.
-
Tildeling frå Statskogmillionen
Tusen hjarteleg takk til Statskogmillionen for ei tildeling på kr. 5.000. Pengane vil bli nytta til vårt tilbod Luster FTU - tilrettelagt friluftsliv. Eit tilbod i samarbeid med Luster turlag og Luster NFU lokallag.