-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Tusen takk til donasjon frå tilsette ved Avery Dennison NTP
Dei tilsette ved Avery Dennison NTP arrangerte i år som i fjor "Sweet Diversity Day" på arbeidsplassen. Dei tilsette blir oppfordra til å kome med kake, slik at alle får smake kaker frå ulike deler av verda. Dei som ynskte kunne donere nokre kroner for kakestykket. Dei innsamla pengane vart også i år donert til Luster frivilligsentral til deira arbeid med inkludering og integrering. Tusen hjarteleg takk for pengegåva!Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.