-
Vil du låne ake- og skiutstyr til påskeferien?
Det nærmar seg påskeferie. Dersom du ynskjer å låne ake- eller skiutstyr må du gjere dette i veke 13. Måndag 30.mars er siste frist!
Luster frivilligsentral - påskestengt
Luster frivilligsentral har stengt frå tysdag 31.mars - 6.april. Me opnar att tysdag 7.april. Me ynskjer alle ei god påske!Del på:
-
Tusen takk til donasjon frå tilsette ved Avery Dennison NTP
Dei tilsette ved Avery Dennison NTP arrangerte i år som i fjor "Sweet Diversity Day" på arbeidsplassen. Dei tilsette blir oppfordra til å kome med kake, slik at alle får smake kaker frå ulike deler av verda. Dei som ynskte kunne donere nokre kroner for kakestykket. Dei innsamla pengane vart også i år donert til Luster frivilligsentral til deira arbeid med inkludering og integrering. Tusen hjarteleg takk for pengegåva!