-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Nytt tilbod frå Sogn friluftsråd
Sogn friluftsråd er eit kommunalt oppgåvefellesskap eigd av kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster - og skal samarbeide for meir friluftsliv for alle - heile året. I sommar tilbyr dei sommarskular i alle kommunane.Sogn friluftsråd arrangerer friluftsskular for born i alderen 10-13 år denne sommaren.
Sjå oversikt over dei ulike friluftsskulane i sommar:
Påmelding opna frå 29.mai.
Sjå påmeldingslenkje:
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.