-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Tusen takk til Avery Dennison NTP for nominering til gåvefondet "Myriad USA"
Hausten 2023 nominerte Avery Dennison NTP Luster frivilligsentral til å motta ei gåve frå fondet "Myriad USA" . Me er svært glade og audmjuke over at Avery Dennison NTP legger merke til vårt arbeid og ynskjer å nominere oss til å motta ei gåve frå deira fond i USA. I sommar mottok me kr. 110.000,- som skal nyttast til ulike aktivitetar, arrangement og nytt turutstyr til utstyrssentralen vår.Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.