-
Friluftsvenn
Informasjon om tilbodet leksehjelp
I over 10 år har Luster frivilligsentral i samarbeid med frivillige tilbudt leksehjelp til elevar ved barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. Det har til tider vore svært mange elevar og det har vore veldig kjekt og ikkje minst travelt for dei frivillige. Dei siste åra har tilbodet om leksehjelp vore lite nytta. Me har også prøvd å utvide tilbodet til å gjelde vaksne utan hell. På bakgrunn av dette vil det ikkje bli tilbod om leksehjelp dette skuleåret 2024/2025. Me nyttar ressursane til andre aktivitetar i kommunen.Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.