-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Luster utstyrssentral har fått fjellsko til utlån
Nye fjellsko er innkjøpt i ulike storleikar frå str. 36 og opp til str. 44. Ikkje alt er på plass enno då me måtte bestille inn nokre storleikar - dei kjem etterkvart.Takk til Avery Dennison NTP for tildeling på kr. 13.000,- då me søkte deira gåvefond om støtte til innkjøp av turutstyr til vår utstyrssentral.
Utan dykkar støtte hadde ikkje dette vore mogleg.
Tusen takk!
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.