Oppstart seniortreff for heimebuande

Seniortreffet for heimebuande startar opp att torsdag 10.september kl. 10.00. Påmelding pr. tlf. 57 68 55 00 innan kl. 13.00 onsdagen før.

Seniortreff for heimebuande er for alle som definerer seg som seniorar og bur heime. Me møtest annakvar torsdag på aktivitetsstova på Gaupne omsorgssenter. Startar med ein god prat over kaffikoppen og noko å bite i. Alltid litt underholdning av ymse slag. Litt bøy og tøy med fysioterapeut i praksis. Varm lunsj frå kjøkkenet på omsorgssenteret. Avsluttar med ein kopp kaffi og twist. Me har plass til fleire.

Treng du skyss nemner du dette når du melder deg på dagen før. Kostnad er kr. 150,- pr.pers. inkludert både seniortreff og transport som kjem og hentar deg i tunet.

Oversikt over seniortreff hausten 2026:

Seniortreff 2. halvår 2026

2026 © Luster frivilligsentral