-
Til Topps 2025 - Hodlekve i Sogndal
Årleg integreringsarrangement i regi av Røde Kors. I år blir arrangementet laurdag 21.juni. Målgruppa for arrangementet er immigrantar, dvs. både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar.
Grøn fredag 29.november
Det nærmar seg Grøn Fredag arrangement i samarbeid med Luster turlag, Gaupne ungdomsklubb og Luster frivilligsentral. Arrangementet vil vere i lokala til Gaupne ungdomsklubb, Øyagata 16 (vegg i vegg med Luster trening).På Grøn Fredag kan du selge, kjøpe og bytte brukte klede og turklede. Du kan også få reparert glidlåsen på favorittjakken din eller holet i skibuksa så dei held ein sesong til. HafsloSewingShop m/Inna og Luster husflidslag kjem for å tilby sine tenester.
Grøn Fredag skal føregå på Ungdomsklubben i lokala til Skattekista, Gaupne sin nye bruktbutikk. Me håpar å sjå ungdomar og vaksne frå heile Luster til ein hyggeleg byttekveld. Kanskje kan du kome heim med ny skijakke for vintersesongen.
Første timen av arrangementet er berre for ungdommar, her vil det bli servert gratis pizza til alle. Kl.16.00 opnar me dørane for alle som ynskjer å delta, unge og vaksne.
Det vil vere sal av vafler og kaffi. Inntektene frå salet går til Ungdomsklubben.
Dersom du vil levere inn klede du ynskjer å bytte vekk eller selge, kan du gjere det vekene før den 29. november. Kvar person kan levere eller selge opp til 5 ulike plagg.
Kleder som er igjen etter arrangementet vil bli donert til Skattekista til inntekt for Ungdomsklubben.
Du kan levere inn klede på Ungdomsklubben mellom kl. 15.00 og 17.00 følgjande datoar:
Onsdag 20. november
Torsdag 21. november
Onsdag 27. november
Torsdag 28. november
Lenkje til arrangementet: https://fb.me/e/1zEmjUQNo
Program for dagen
15.00 Dørane opnar for ungdomar
15.30 Gratis pizza og brus
16.00 Dørane opnar for alle
18.00 Arrangementet stenger
Kontakt om arrangementet
Luster Turlag
Gry Thyrrestrup på tlf. 90 20 06 38 eller e-post: luster.turlag@dnt.no
Ungdomsklubben i Gaupne
Thomas Haugen på tlf. 41293210 eller e-post: thomas.haugen@luster.kommune.no.
Luster Frivilligsentral
Tlf. 456 65 954
eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no
Del på:
-
Luster utstyrssentral stengt torsdag 8.mai
Luster utstyrssentral er stengt torsdag 8.mai grunna sjukdom og arrangement. Me beklagar dette! Utstyrssentralen er open att måndag 12.mai.
-
Tildeling frå Gjensidigestiftelsen
Ei stor takk til Gjensidigestiftelsen for tildeling av kr. 244.300 som skal nyttast til sommaraktivitetar/sommarjobb for barn og unge i Luster kommune. Dette er heilt fantastisk og i samarbeid med ungdomsteamet i Luster kommune er me no i gang med å planlegge mange kjekke aktivitetar.
-
Digital opplæring i Gaupne
Eit samarbeid mellom pensjonistforbundet Luster og Luster kommune. Bli trygg i bruk av smarttelefon, nettbrett og pc. For alle - uansett nivå. Påmelding og spørsmål: Arne Midtun tlf. 911 49 738
-
Sommarferieaktivitetar 2025
Paintball, ViteMeir, rafting, frimoro og mykje meir. Her er oversikt over gratis sommarferieaktivitar for barn og ungdom i Luster.