-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Nytt utstyr på Luster utstyrssentral
Luster utstyrssentral har fått kjøpt inn litt fleire langrennski og langrennstavar. Nytt i år er truger for barn - me har to par til gratis utlån!Luster frivilligsentral har fått tildelt midlar frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, bufdir, til drift av utstyrssentralen.
Takk for midlane som gjer det mogleg å kjøpe inn meir turutstyr!

Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.