-
Tusen takk til donasjon frå tilsette ved Avery Dennison NTP
Dei tilsette ved Avery Dennison NTP arrangerte i år som i fjor "Sweet Diversity Day" på arbeidsplassen. Dei tilsette blir oppfordra til å kome med kake, slik at alle får smake kaker frå ulike deler av verda. Dei som ynskte kunne donere nokre kroner for kakestykket. Dei innsamla pengane vart også i år donert til Luster frivilligsentral til deira arbeid med inkludering og integrering. Tusen hjarteleg takk for pengegåva!
Sommarferieaktivitetar 2025
Paintball, ViteMeir, rafting, frimoro og mykje meir. Her er oversikt over gratis sommarferieaktivitar for barn og ungdom i Luster.Del på:
Flere nyheter
