-
Tusen takk til donasjon frå tilsette ved Avery Dennison NTP
Dei tilsette ved Avery Dennison NTP arrangerte i år som i fjor "Sweet Diversity Day" på arbeidsplassen. Dei tilsette blir oppfordra til å kome med kake, slik at alle får smake kaker frå ulike deler av verda. Dei som ynskte kunne donere nokre kroner for kakestykket. Dei innsamla pengane vart også i år donert til Luster frivilligsentral til deira arbeid med inkludering og integrering. Tusen hjarteleg takk for pengegåva!
Digital opplæring i Gaupne
Eit samarbeid mellom pensjonistforbundet Luster og Luster kommune. Bli trygg i bruk av smarttelefon, nettbrett og pc. For alle - uansett nivå. Påmelding og spørsmål: Arne Midtun tlf. 911 49 738
Del på:
Flere nyheter