-
Friluftsvenn
Til Topps 2025 - Hodlekve i Sogndal
Årleg integreringsarrangement i regi av Røde Kors. I år blir arrangementet laurdag 21.juni. Målgruppa for arrangementet er immigrantar, dvs. både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar.Aldersgruppe: 4 til 100 år.
Eit samarbeid mellom Luster Røde Kors og Luster Frivilligsentral.
I år blir det ein familievenleg tur til Sogndalsdalen og Hodlekve.
Påmelding innan 28.mai til Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954 eller e.post: post@luster.frivilligsentral.no
Kunne du tenkje deg å vere frivillig og hjelpe til? Ta kontakt med Luster frivilligsentral tlf. 45665954 /post@luster.frivilligsentral.no
Invitasjon: Til Topps 2025
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.