-
Friluftsvenn
Informasjon frå Luster utstyrsentral
På Luster utstyrsentral kan du låne tur- og fritidsutstyr gratis i inntil 1 veke om gongen. Det er også ei karantenetid på 2 veker før du kan låne same utstyret på nytt. Det er ekstra stor pågang på noko utstyr og av den grunn må me innføre karantenetid for at alle skal få moglegheit for å låne.Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.