-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
"Turmat frå heile verda" i Parken - Gaupne
Turmat frå heile verda! Ein dag som skal bygge bru mellom norsk turkultur og internasjonal matkultur. Møt opp i Parken, Gaupne torsdag 1.oktober kl. 15.30 - 17.30. Gratis for alle!Her kan ein smake mat frå ulike delar av verda, laga av personar som bur i Luster.
Med på laget er:
Vaksenopplæringa i Luster
Valfaget "Innsats for andre", Luster ungdomsskule
Sogn Friluftsråd og Luster frivilligsentral
Jostedal helselag
Gaupne helselag
Luster Folkeakademi
FTU Luster - tilrettelagt friluftsliv
Lenkje til arrangement:
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.