-
Friluftsvenn
Heile Noreg saman på tur - markering av verdsdagen for psykisk helse
Den 10. oktober skal "heile Noreg på tur" Ta med ein venn og bli med og marker Verdsdagen for psykisk helse saman med Luster Turlag, Barnas Turlag, tilrettelagt friluftsliv (FTU), Luster Frivilligsentral og Luster Kommune.På verdsdagen skal me møte nye folk, gå ein tur saman, ha aktivitetar for barn og ha mat på bål.
Me møtast ved klatreparken i Gaupne sentrum kl. 11.00 og går ein roleg tur saman bort til Parken der me fyrer opp i bålpanna og har enkle aktivitetar for store og små.
Me serverar saft, kaffi og pizzapinnebrød, men ta gjerne med eigen mat du kan grille på bålet.
Alle kan være med - bli med du og!

Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.