-
Friluftsvenn
Kveldskøyring i Sogn skisenter for ungdom på 8.trinn til VG3 (13-19 år)
Ungdomsklubbane i Luster, Sogn Friluftsråd, DNT Luster, Luster Frivilligsentral og Sogn Skisenter inviterer til ei kjekk og sosial kveldskøyring i Sogn Skisenter 27. februar kl. 19.00–22.30.Denne kvelden er det gratis skitrekk for alle deltakarar, og det blir også gratis utlån av skiutstyr for dei som treng det. Det går gratis buss frå Sogndal kl. 18.30 (meld deg på i linken under), og ungdom i Luster (13–19 år) kan bruke LUT – Luster ungdomstaxi.
Buss frå Sogndal:
https://sogn-friluftsrad.hoopla.no/event/198640022
Vi fyrer opp grillen med gratis grillpølse og saft, og kafeen er open for deg som vil ta ein pause, henge med vener eller spele spel.
Skikøyring skjer på eige ansvar, som ein vanleg dag i trekket.
Ta med deg ein ven (eller fleire!) og bli med på ein sosial og kjekk kveld i bakken ![]()
![]()
Vel møtt!
Klikk på lenkje til arrangementet: https://fb.me/e/5EN8JHCHt
Takk til Vestland fylkeskommune som støttar arrangementet økonomisk.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.