-
Tildeling av aktivitetsmidlar - aldersvennleg frivilligheit og lågterskel møteplassar
Også i år har me fått ei tildeling på kr. 8.400,- som skal støtte frivilligsentralane sitt arbeid i å utvikle aldersvennlige aktivitetar og møteplassar for eldre (65+). Tilskotet er finansiert over statsbudsjettet og blir administrert av Norges Frivilligsentralar.
Tildeling frå Statskogmillionen
Tusen hjarteleg takk til Statskogmillionen for ei tildeling på kr. 5.000. Pengane vil bli nytta til vårt tilbod Luster FTU - tilrettelagt friluftsliv. Eit tilbod i samarbeid med Luster turlag og Luster NFU lokallag.Del på:
-
Tildeling frå Gjensidigestiftelsen
Ei stor takk til Gjensidigestiftelsen for tildeling av kr. 200.000 som skal nyttast til sommaraktivitetar/sommarjobb for barn og unge i Luster kommune. Dette er heilt fantastisk og i samarbeid med ungdomsteamet i Luster kommune er me no i gang med å planlegge mange kjekke aktivitetar.
-
Luster frivilligsentral er stengt i veke 20 ( 11.05 - 17.05)
Luster frivilligsentral og vår utstyrssentral er stengt i veke 20 grunna ferieavvikling og sjukdom. Me opnar igjen måndag 18.mai. Takk til dei frivillige som driftar aktivitetane våre denne veka!
-
Opningstider på Luster utstyrssentral
Minner om opningstidene ved Luster utstyrssentral. Lån av utstyr må skje i opningstida: MÅNDAG kl. 08.00 - 15.30 og TORSDAG kl. 12.00 - 16.30. Luster utstyrssentral er dessverre ikkje bemanna desse dagane pga mangel på ressursar til dette. Lån av utstyr må avtalast på førehand med Anita/Cecilie på tlf. 456 65 954 eller Luster frivilligsentral si facebook/messenger eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no