-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Me takkar av ein styreleiar, og ynskjer ein ny styreleiar velkomen!
Ivar Kvalen har vore styreleiar sidan 2023. Han kom inn som ein reddande engel då ingen ynskte å takke ja som ny styreleiar i Luster frivilligsentral. Denne veka takka me Ivar for innsatsen med ei blomehelsing og kosa oss med kaffi og kake. Samtidig ynskte me ny styreleiar velkomen - Knut Åge Teigen.Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.