-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av telt
Luster utstyrssentral har i fleire år hatt telt til utlån. Dessverre har me opplevd å få telta tilbake med hol og øydelagde stenger, opptil fleire gonger. Ikkje alltid blir dette informert om ved tilbakelevering. Dette er frustrerande for oss og for andre som ynskjer å låne telt. Det er særs ressurskrevjande å drifte ein utstyrssentral og av den grunn avsluttar me no utlån av telt.Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.