-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Oppstart av "Friluftsvenn" - torsdag 3.september kl. 11.00
Friluftsvenn er eit tiltak som etablerer lågterskel friluftsturar for eldre i kommunen. Gjennom faste turar og sosiale møteplassar skal tiltaket bidra til auka fysisk aktivitet, betre helse og mindre einsemd. Tiltaket vert organisert av Sogn friluftsråd i samarbeid med Luster frivilligsentral. Aktivitetane er gratis. Oppmøte på torsdag 3.september kl. 11.00 på Luster frivilligsentral.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.