-
"Turmat frå heile verda" i Parken - Gaupne
Turmat frå heile verda! Ein dag som skal bygge bru mellom norsk turkultur og internasjonal matkultur. Møt opp i Parken, Gaupne torsdag 1.oktober kl. 15.30 - 17.30. Gratis for alle!
Haustferieaktivitetar
Det nærmar seg haustferie og også i år har Luster kommune og frivilligsentralen eit samarbeid om å tilby gratis aktivitetar i ferien. Sjekk plakaten under. Påmeldinga opna opp 22.september så her må du vere rask med å melde deg på. Håpar å sjå deg!Her er programmet for haustferieaktiviteter for 1.-7. trinn!
Påmeldinga opnar 22. september kl. 17:00:
Friluftsskulen har eiga påmelding.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.
