-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!
Bamsejakta i Luster 2020
Bli med på den store Bamsejakta i Luster! Set ein bamse i vindauget ditt, så kan ungar i bygdene i Luster gå på bamsejakt. Alle ungar som er med på jakta er med i trekninga av fine premiar. Bamsejakta varer fram til 10.mai. Du finn gruppa Bamsejakt i Luster 2020 på Facebook. Det er Luster Frivilligsentral som står bak jakta.Du set ein bamse i vindauget. Me oppfordrar alle i Luster til å finne fram ein bamse til å setje i vindauget.
Ungane går tur rundt om i bygda si og ser kor ein finn ein bamse. Ungane kryssar av på kortet og samlar kryss.
Kortet kan leverast uansett om det er fullt eller ikkje. Ein kan levere inn fleire kort. Korta kan leverast i postkassen som heng utanfor inngangspartiet til Rådhuset eller sendast bilde av til post@luster.frivilligsentral.no
Her kan du kopiere opp kort til : Skjema Bamsejakt 2020
Del på:
-
Luster utstyrssentral - sykkelsesong
Sykkelsesongen nærmar seg. Etter påske vil me starte arbeidet med å klargjere syklane for utlån. Syklane vil bli klare til utlån frå 6.mai.