Bruktbutikken opnar att

Endeleg opnar bruktbutikken att, torsdag 30.april kl. 16-18, etter stenging grunna Covid-19. I byrjinga med redusert opningstid: torsdag kl. 16-18 og fredag kl. 13-15. Laurdag stengt.

Men for å få dette til må me følgja nokre retningslinjer:

  • MAX 4 KUNDAR I BUTIKKEN!
  • Alle kundar må bruka handsprit som står rett innafor døra. Sprit hendene dine både når du kjem og når du går!
  • Hald avstand til andre kundar og personale.
  • Unngå å ta på varer du ikkje skal kjøpa.
  • Ta kontakt med personale før du kjem inn med varer du skal levera. 

Me kan ikkje ta imot møblar grunna manglande plass.

  • ALL BETALING MÅ SKJE MED KORT ELLER VIPPS - IKKJE KREDITT! 
2020 © Luster frivilligsentral