FTU Luster - Tilrettelagt friluftsliv laurdag 10.februar på Sogn skisenter

Laurdag 10.februar kl. 11.00 - 14.30 møtest me i grillhytta på Sogn skisenter. Her blir det skileik og aking. Me får besøk av "Fjordhusky" denne dagen som kjem med eit hundespann. Her kan du få moglegheit til å sitje på dersom du ynskjer!

Me spanderer grillmat denne dagen, men drikke må du ta med sjølv.

Det er mogleg å låne ski på Luster utstyrssentral. Dette må avtalast og hentast i god tid på førehand.

Ellers har me med kjelkar og akematter som du kan låne.

Buss frå Grandmo miljøteneste. Avreise kl. 10.30.

Påmelding innan onsdag 7.februar kl. 14.00 til Anita, anita.kjorlaug@sogn.no eller SMS pr. tlf. 90055328.

Arrangementet er gratis og støtta økonomisk av Vestland Fylkeskommune.

Invitasjon: FTU februar

2024 © Luster frivilligsentral