Invitasjon til gratis symjeopplæring

Kurset vil vere for deg som er kvinne (og jenter på ungdomsskulen og eldre). Målet med kurset er å redusere risiko for badeulukker og sikre at deltakarane kan ferdast trygt ved vatn og sjø.

Symjekurset startar onsdag 1.februar kl. 19.00 - 20.00. Totalt 5 gonger.

(onsdag 15.februar / onsdag 1.mars / onsdag 15.mars / onsdag 29.mars).

Bindande påmelding snarast med namn, fødselsår og telefonnummer til Luster frivilligsentral:

post@luster.frivilligsentral.no / tlf. 456 65 954

Kurset er gratis og finansiert gjennom pengegåve til Luster frivilligsentral frå NTP - Avery Dennison og King Baudouin Foundation.

Sjå invitasjon her: plakat symjekurs 2023

2024 © Luster frivilligsentral