Julegåve frå Luster kommune

I kommunestyremøtet 16.12.21 vart Luster frivilligsentral tildelt ei pengegåve på kr. 50.000.

I budsjettsaka kan ein lesa følgjande:

"Luster kommune løyver kr. 50.000 i julegåve til Frivilligsentralen for deira store frivillige innsats i arbeidet med inkludering".

Luster frivilligsentral er overvelda og takkar så mykje for den flotte pengegåva som vil gå til å styrke arbeidet med inkludering og integrering.

2024 © Luster frivilligsentral