Juleglede

«Juleglede» er eit samarbeidsprosjekt mellom Luster kommune, Luster Lions, Nasjonalforeningen Gaupne helselag, Luster Røde Kors og Luster frivilligsentral som bidreg til at familiar med økonomiske utfordringar skal få tilbod om å ta imot ei julegåve.

Frå måndag 8.november vert det moglegheit for innbyggjarane i Luster kommune som synes det er vanskeleg å gå jula i møte, å fylle ut eit enkelt skjema for å ha høve til å motta ei juleglede. Her kan de som foreldre får personlege gåver til barna eller ei opplevingspakke for familien.

Julehøgtida handlar i hovudsak ikkje om materielle ting. 

Det handlar om å vere saman med familie, venner og dei ein er glade i.

«Juleglede» kan vere med å bidra til at ein får litt færre bekymringar, at barna får noko dei ynskjer seg, og at jula blir god for alle.

Det er ei høgtid som forsterkar kjenslene våre, både gleder og sorger.

Det kan av ulike årsaker vere ei vanskeleg tid for mange.

Kjøpepress og forventningar kan skape vanskelege tankar for foreldre om å ikkje strekke til, eller at ein ikkje kan gje barna noko dei ynskjer seg til jul.

Me ynskjer å bidra til at alle kan oppleve ei god jul!

Les meir her:

Juleglede2021

Inf. Luster kommune heimeside


2024 © Luster frivilligsentral