Markering av Verdsdagen for psykisk helse

På laurdag 10.okt. er det Verdsdagen for psykisk helse, og det ynskjer Luster frivilligsentral, Luster Trening og Najonalforeningen for folkehelsen, Gaupne helselag å markere på Friskhuset frå kl 11.00 - 13.00.

Det blir rebusløp for born, sukkerquiz med Gaupne Helselag, stand med informasjon om Verdsdagen og noko lite å bite i😊
I tillegg til den vanlege laurdagstimen kl 10.00, vil Luster Trening tilby ein ekstra gruppetime denne dagen. «BasisStyrke» er ein styrketime spesielt tilrettelagt for nybyrjarar. 
NB! Det er halv pris på «drop-in» denne dagen, dette gjeld både eigentrening og gruppetimar😊
Book deg inn på eigentrening og gruppetrening via nettsida lustertrening.no
Møt opp frisk, og hugs å følgje smittervernreglane😊


2024 © Luster frivilligsentral