Nissejakt 2020 - nissejakta er no avslutta

Nissejakta har vara i heile desember månad og er no avslutta. Mange nissekort har kome inn til Luster frivilligsentral. Trekning av premiar vil skje i løpet av veke 1. Vinnarane vil bli annonsert på vår facebookside og kontakta pr. sms.

Det nærmar seg adventstid og julefeiring. I år blir denne tida annleis grunna covid-19. 

Av den grunn er det ekstra viktig å ha ein lystbetont aktivitet for heile familien.

Luster frivilligsentral inviterer til nissejakt 2020  

Du set ein nisse i vindauget. Me oppfordrar alle i Luster til å finne fram ein nisse til å setje i vindauget. Ungane går tur rundt om i bygda si og ser kor ein finn ein nisse. Ungane kryssar av på kortet og samlar kryss. 

Kortet kan leverast uansett om det er fullt eller ikkje. Ein kan levere inn fleire kort. Korta kan leverast i postkassen som heng utanfor inngangspartiet til Rådhuset eller sendast bilde av til post@luster.frivilligsentral.no

Nissekort kan du få på bruktbutikken i Gaupne/på oppslagstavla til Pyramiden senter eller kopiere opp sjølv (sjå lenke under).

Her kan du kopiere opp kort til  : Skjema nissejakt

2024 © Luster frivilligsentral