Oppdatering frå Juleglede

Her kjem ei lita oppdatering frå arbeidsgruppa i Juleglede.
Alle gåvene er handla inn og kontoret til Luster Frivilligsentral er fullt.
Me har fått fantastisk god hjelp frå elevar på valfaget Innsats for andre.
Elevane har pakka inn alle gåvene i dag fredag 9.desember.
Tusen takk til dere🌟❤️

Damene på Joker Luster har teke initiativ til å be kundane deira om å gje matvarer til Juleglede. Dette initiativet har resultert i ei stappfull handlekorg med mykje god mat og julesnop. 
I tillegg har Joker Luster sjølv donert ei stor øskje med ulike matvarer. 
I tillegg til dette er det også levert nokre fine julegåver. 
For ei fantastisk gjevargleda det er i Lustrabøgdi❤️Tusen hjarteleg takk til damene på Joker Luster og alle dere andre som har fylt handlekorga med så mykje godt. 
Varene er pakka i posar og vil bli formidla ut av Juleglede i løpet av veka❤️


2024 © Luster frivilligsentral