-
Bruktbutikken vår er sommarstengt i 3 veker
Bruktbutikken vår har stengt i 3 veker pga ferieavvikling. Me opnar att torsdag 7.august kl. 12.00.
Til Topps 2021
Laurdag 12. juni arrangerer Luster Frivilligsentral og Luster Røde Kors «Til Topps» for asylsøkjarar, arbeidsinnvandrarar og flyktningar i Sogn og Fjordane. Turen går til Kleivafjellet frå Skei i Jølster.Arrangementet "Til Topps" er eit årleg arrangement i regi av Røde Kors, der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur. Denne gongen er turen lagt til Kleivafjellet i Jølster.
Eigenandel for turen blir på kr 200,- per person. Dette dekkjer middag på Thon Hotel Skei etter fjellturen og buss tur/retur Gaupne - Skei. Deltakarane går i gruppe på 4 personar med ein lagleiar. Nedre aldersgrense er 10 år.
Sjå lenkjene under for informasjon om turen og utstyrsliste:
Del på:
-
Luster frivilligsentral er sommarstengt
Luster frivilligsentral er stengt i perioden 14.juli - 10.august grunna ferieavvikling. Me ynskjer ein god sommar til alle frivillige og andre gode samarbeidspartnarar. Sommarhelsing frå Cecilie og Anita
-
Luster utstyrssentral er stengt i perioden 14.juli - 10.august
Grunna ferieavvikling held Luster utstyrssentral stengt i 4 veker i perioden 14.juli - 10.august. Hugs å avtal på førehand då utstyrssentralen ikkje er bemanna! Me opnar att måndag 11.august.
-
Luster utstyrssentral stengt torsdag 8.mai
Luster utstyrssentral er stengt torsdag 8.mai grunna sjukdom og arrangement. Me beklagar dette! Utstyrssentralen er open att måndag 12.mai.
-
Sommarferieaktivitetar 2025
Paintball, ViteMeir, rafting, frimoro og mykje meir. Her er oversikt over gratis sommarferieaktivitar for barn og ungdom i Luster.