-
Luster utstyrssentral - sykkelsesong
Sykkelsesongen nærmar seg. Etter påske vil me starte arbeidet med å klargjere syklane for utlån. Syklane vil bli klare til utlån frå 6.mai.
Til Topps 2022 - Luster
Laurdag 18.juni er det lokal TIL TOPPS for asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar i Luster. Denne dagen går me til Molden saman med alle dei andre som er med på arrangementet "Molden opp".Laurdag 18.juni er det lokal TIL TOPPS for asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar i Luster.
Nedre aldersgrense er 10 år. Deltakarane går i grupper på 4 personar. I forkant av arrangementet kan du delta på GÅ-trimmen til Gaupne helselag for å kome i betre form. Gå-trimmen er kvar måndag kl. 18.00. Oppmøte i Tandlekrysset.
I tillegg blir det gjennomført lokale øvingsturar i nærmiljøet i regi av Luster Røde Kors og Luster Frivilligsentral. Her kjem det oversikt over dei ulike turane.
Sjå nærare: Oversikt treningsturar 2022
Påmelding innan 1.juni til Luster frivilligsentral v/Anita tlf. 456 65 954 eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no
Eigenandel kr. 200,- pr. person.