"Til Topps-tur" for flyktningar, asylsøkjarar og arbeidsinnvandrarar

Laurdag 13.juni arrangerar Luster Frivilligsentral og Luster Røde Kors lokal «Til Topps-tur» i eigen kommune for asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Ein fin måte å bli kjent på og ikkje minst bli kjent med turmoglegheiter i nærområdet.

Oppmøte utanfor inngang til Rådhuset i Gaupne kl 11.00.
Me går opp Sandvikberget til parkeringsplassen i Engjadalen.  Her tek me mat- og drikkepause før me går ned att Gåpnaberget, vidare til Gaupne gamle kyrkje, og tilbake til sentrum.
 
Pga coronarestriksjonar blir det påmelding, og dei 50 fyrste som melder seg får vere med. Hugs 1 m avstand til kvarandre, ta med eigen antibac, mat og drikke og godt humør  

Påmelding til Anita på SMS/tlf. 456 65 954 innan 12.juni.
 

2024 © Luster frivilligsentral