Tusen takk til donasjon frå tilsette ved Avery Dennison NTP

Dei tilsette ved Avery Dennison NTP arrangerte i år som i fjor "Sweet Diversity Day" på arbeidsplassen. Dei tilsette blir oppfordra til å kome med kake, slik at alle får smake kaker frå ulike deler av verda. Dei som ynskte kunne donere nokre kroner for kakestykket. Dei innsamla pengane vart også i år donert til Luster frivilligsentral til deira arbeid med inkludering og integrering. Tusen hjarteleg takk for pengegåva!
2024 © Luster frivilligsentral