Vil du låne ake- og skiutstyr til påskeferien?

Det nærmar seg påskeferie. Dersom du ynskjer å låne ake- eller skiutstyr må du gjere dette i neste veke, veke 12. Måndag 25.mars er siste frist!

Luster utstyrssentral er open slik i veke 12 og 13:

Måndag 18.mars.kl. 08.00 - 15.30 eller torsdag 21.mars. kl. 12.00 - 16.30. Må avtale utlån på førehand via tlf. 45665954.

Siste dag før påske måndag 25.mars kl. 08.00 - 15.30. Me er fysisk tilgjengelige på utstyrssentralen frå kl. 12.00 - 15.30 denne dagen.

Luster utstyrssentral er stengt i påsken og opnar att torsdag 4.april.24.

2024 © Luster frivilligsentral