-
Friluftsvenn
I samarbeid med Sogn friluftsråd inviterer me alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med på ein lågterskel gåtur i Gaupne sentrum. Annakvar torsdag kl. 11-13, i partalsveker, går me saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Me er i oppstartsfasen og i gang med å rekruttere deltakarar og frivillige som vil ta på seg rolla som «friluftsvenn». Dei frivillige vil få enkel opplæring og tett oppfølging. Det vil vere låg terskel for å bidra. Me vil også legge til rette for erfaringsdeling og sosialt fellesskap mellom dei frivillige.
Bruktbutikk
Bruktbutikken ligg i Pyramiden kjøpesenter, 1.etg.Aldersgruppe: For alle
Bruktbutikken er open kvar torsdag frå kl. 12.00 til 17.00, kvar fredag frå kl.12.00 til 17.00 og kvar laurdag frå kl. 12.00 til kl. 15.00.
Bruktbutikken blir drifta av frivillige.
Me tek imot brukte gjenstandar/brukte møblar i våre opningstider. Levering av møblar skal avtalast på førehand.
Frivilligoppdrag:
Me trenger frivillige som kan jobbe torsdag/fredag kl. 12-15 eller kl. 15-17 og laurdag kl. 12-15.
Som frivillig jobbar ein alltid saman med nokon (alltid 2 på jobb).


Del på:
-
FriMoro og sommarferieaktivitetar
FriMoro er eit arrangement over to dagar for 4 til 7 klasse, som blir arrangert i Parken i Gaupne veka etter skuleslutt. I tillegg er det sommar aktivitetsdagar.
-
Haustferieaktivitetar
Luster kommune og Luster frivilligsentral samarbeider om å tilby gratis aktivitetar for barn/unge i haustferien. Sjå program for hausten 2025. Tilbodet er støtta økonomisk av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest Ildsjelfondet.
-
JuleGlede
Eit tilbod til dei som opplever julehøgtida som vanskeleg.
-
Leksehjelp
Leksehjelp kvar mandag kl. 16-18 for deg som går på ungdomsskulen og vidaregåande skule. Frivillige stiller opp for å hjelpe nettopp deg!