JuleGlede

Eit tilbod til dei som opplever julehøgtida som vanskeleg.

I 2017 samarbeidde Luster Lions, Nasjonalforeningen Gaupne helselag, Luster Røde Kors, Pyramiden senter, NAV Luster og Luster frivilligsentral om å gjere ein forskjell for dei familiane som opplever julehøgtida som vanskeleg. Mange familiar nytta seg av tilbodet om å få ei personleg gåve til barna eller ei «familiepakke» med matvarer/julekos. Gåvene vart levert ut via helsestasjonen. I fellesskap vart det også arrangert ein julefest. I 2018 vart samarbeidet utvida med Sogn Barnevern. I 2019 vart arbeidsgruppa utvida med Kyrkjeleg fellesråd. Frå 2021 fekk arbeidsgruppa hjelp av Luster kommune til koordineringsarbeidet.

I 2021 og 2022 har arbeidsgruppa arrangert gratis teater med lokal kulturell underhaldning. I 2023 var det i januar trylleshow med tryllekunstnar og i desember juleteater med Teaterrottene. I januar 2025 hadde me ei førestilling om "Skinnvotten". Arrangementa er gratis!

Representantar for arbeidsgruppa. Frå v.: Magnhild Rønningen (Nasjonalforeningen Gaupne helselag),  Ragnhild Mølnvik (Luster kommune), Linda Goldmann (Luster Røde Kors),  Anita Kjørlaug (Luster frivilligsentral), Grethe S. Bondevik( Kyrkjeleg fellesråd) og Leidulf Kvam (Luster Lions).



2025 © Luster frivilligsentral