-
Bruktbutikk
Bruktbutikken ligg i Pyramiden kjøpesenter, 1.etg.
JuleGlede
Eit tilbod til dei som opplever julehøgtida som vanskeleg.I 2017 samarbeidde Luster Lions, Nasjonalforeningen Gaupne helselag, Luster Røde Kors, Pyramiden senter, NAV Luster og Luster frivilligsentral om å gjere ein forskjell for dei familiane som opplever julehøgtida som vanskeleg. Mange familiar nytta seg av tilbodet om å få ei personleg gåve til barna eller ei «familiepakke» med matvarer/julekos. Gåvene vart levert ut via helsestasjonen. I fellesskap vart det også arrangert ein julefest. I 2018 vart samarbeidet utvida med Sogn Barnevern. I 2019 vart arbeidsgruppa utvida med Kyrkjeleg fellesråd. Frå 2021 fekk arbeidsgruppa hjelp av Luster kommune til koordineringsarbeidet.
I 2021 og 2022 har arbeidsgruppa arrangert gratis teater med lokal kulturell underhaldning. I 2023 var det i januar trylleshow med tryllekunstnar og i desember juleteater med Teaterrottene. I januar 2025 hadde me ei førestilling om "Skinnvotten". Arrangementa er gratis!

Representantar for arbeidsgruppa. Frå v.: Magnhild Rønningen (Nasjonalforeningen Gaupne helselag), Ragnhild Mølnvik (Luster kommune), Linda Goldmann (Luster Røde Kors), Anita Kjørlaug (Luster frivilligsentral), Grethe S. Bondevik( Kyrkjeleg fellesråd) og Leidulf Kvam (Luster Lions).
Del på:
-
Friluftsvenn
I samarbeid med Sogn friluftsråd inviterer me alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med på ein lågterskel gåtur i Gaupne sentrum. Annakvar torsdag kl. 11-13, i partalsveker, går me saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Me er i oppstartsfasen og i gang med å rekruttere deltakarar og frivillige som vil ta på seg rolla som «friluftsvenn». Dei frivillige vil få enkel opplæring og tett oppfølging. Det vil vere låg terskel for å bidra. Me vil også legge til rette for erfaringsdeling og sosialt fellesskap mellom dei frivillige.
-
FriMoro og sommarferieaktivitetar
FriMoro er eit arrangement over to dagar for 4 til 7 klasse, som blir arrangert i Parken i Gaupne veka etter skuleslutt. I tillegg er det sommar aktivitetsdagar.
-
Haustferieaktivitetar
Luster kommune og Luster frivilligsentral samarbeider om å tilby gratis aktivitetar for barn/unge i haustferien. Sjå program for hausten 2025. Tilbodet er støtta økonomisk av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest Ildsjelfondet.
-
Leksehjelp
Leksehjelp kvar mandag kl. 16-18 for deg som går på ungdomsskulen og vidaregåande skule. Frivillige stiller opp for å hjelpe nettopp deg!