-
Friluftsvenn
Snart påskeferie - manglar du utstyr?
Det nærmar seg påskeferie! Manglar du ski- eller akeutstyr for å vere aktiv i påskeferien? Syklar er ikkje klart for utlån enno. Utlån må skje før fredag 26.mars grunna stengt utstyrssentral i perioden 29.mars - 5.april.Dette er ein open sentral for privatpersonar i Luster der alle skal ha moglegheit for å låne seg gratis utstyr.
Ved utstyrssentralen er det grunnleggjande turutstyr, syklar, ski- og akeutstyr.
Alle må skrive kontrakt ved lån av utstyr. Dersom barna er under 18 år og skal låne åleine, må dei ha fullmakt frå foreldra.
Lån av utstyr må skje i opningstida måndag-fredag kl. 08-15.30, og må avtalast på førehand med Anita Kjørlaug tlf. 456 65 954 eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no
Luster utstyrssentral held til i Pyramiden senter, 1.etg.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.