-
Friluftsvenn
Opningstider på Luster utstyrssentral
Minner om opningstidene ved Luster utstyrssentral. Lån av utstyr må skje i opningstida: MÅNDAG kl. 08.00 - 15.30 og TORSDAG kl. 12.00 - 16.30. Luster utstyrssentral er dessverre ikkje bemanna desse dagane pga mangel på ressursar til dette. Lån av utstyr må avtalast på førehand med Anita/Cecilie på tlf. 456 65 954 eller Luster frivilligsentral si facebook/messenger eller e-post: post@luster.frivilligsentral.noHer er lenkje til Luster utstyrssentral:
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.