-
Bruktbutikk
Bruktbutikken ligg i Pyramiden kjøpesenter, 1.etg.
Seniortreff for deg som bur heime eller i eldrebustad
Seniortreffet er annakvar torsdag kl. 10-14 på Gaupne omsorgssenter.Eit samarbeid mellom Luster kommune, Luster frivilligsentral og frivillige personar.
Seniortreffet er for deg som bur heime eller i eldrebustad.
Det blir organisert transport for dei som har behov. Påmelding pr. tlf. 57 68 55 00 innan onsdagen før kl. 13.00.
På seniortreffet er det sosialt samvær, underhaldning og balansetrening, samt servering av eit varmt måltid.
Eigenandel kr. 150,- pr. gong.
Sjå oversikt seniortreff 2.halvår 2024:
Om frivilligoppdrag:
Me treng frivillig/frivillige som kan hjelpe annakvar torsdag frå ca. kl. 09.00 – 15.00.
Ein person er ansvarleg for gjennomføring av seniortreffet, men me treng hjelp frå ein frivillig med ulike arbeidsoppgåver undervegs i arrangementet.
Arbeidsoppgåver er å dekka på borda, ta imot dei påmelde, servere, ta av borda og hjelpe til med oppvask når arrangementet er slutt.
Oppdraget kan delast på 2 frivillige, dvs. 1 torsdag pr. mnd.
Ta kontakt med Anita på Luster frivilligsentral på tlf. 45665954 eller post@luster.frivilligsentral.no
Del på:
-
FriMoro og sommaraktivitetar
FriMoro er eit arrangement over to dagar for 4 til 7 klasse, som blir arrangert i Parken i Gaupne veka etter skuleslutt. I tillegg er det sommar aktivitetsdagar på både Hafslo og i Gaupne.
-
Haustaktivitetar
Luster kommune og Luster frivilligsentral samarbeider om å tilby gratis aktivitetar for barn/unge i haustferien. Sjå program for hausten 2024. Tilbodet er støtta økonomisk av Vestland Fylkeskommune.
-
JuleGlede
Eit tilbod til dei som opplever julehøgtida som vanskeleg.
-
Leksehjelp
Leksehjelp kvar mandag kl. 16-18 for deg som går på ungdomsskulen og vidaregåande skule. Frivillige stiller opp for å hjelpe nettopp deg!