-
Bruktbutikk
Bruktbutikken ligg i Pyramiden kjøpesenter, 1.etg.
Luster Utstyrssentral
Luster utstyrssentral held til i Pyramiden senter ved sida av bruktbutikken vår.Aldersgruppe: For alle
Dette er ein open sentral for privat personar i Luster der alle skal ha moglegheit for å låne seg gratis utstyr.
Ved utstyrssentralen er det grunnleggande turutstyr, syklar, ski- og akeutstyr.
Alle må skrive kontrakt ved lån av utstyr. Dersom barna er under 18 år og skal låne åleine, må dei ha fullmakt frå foreldra.
Lån av utstyr må skje i opningstida måndagar kl. 08.00 - 15.30 og torsdagar kl. 12.00 - 16.30, og må avtalast på førehand med Anita tlf. 456 65 954 eller Luster frivilligsentral si facebook/messenger eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no
Oversikt utstyrsentralen aug. 2026



Del på:
-
Friluftsvenn
I samarbeid med Sogn friluftsråd inviterer me alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med på ein lågterskel gåtur i Gaupne sentrum. Annakvar torsdag kl. 11-13, i partalsveker, går me saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Me er i oppstartsfasen og i gang med å rekruttere deltakarar og frivillige som vil ta på seg rolla som «friluftsvenn». Dei frivillige vil få enkel opplæring og tett oppfølging. Det vil vere låg terskel for å bidra. Me vil også legge til rette for erfaringsdeling og sosialt fellesskap mellom dei frivillige.
-
FriMoro og sommarferieaktivitetar
FriMoro er eit arrangement over to dagar for 4 til 7 klasse, som blir arrangert i Parken i Gaupne veka etter skuleslutt. I tillegg er det sommar aktivitetsdagar.
-
Haustferieaktivitetar
Luster kommune og Luster frivilligsentral samarbeider om å tilby gratis aktivitetar for barn/unge i haustferien. Sjå program for hausten 2025. Tilbodet er støtta økonomisk av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest Ildsjelfondet.
-
JuleGlede
Eit tilbod til dei som opplever julehøgtida som vanskeleg.